Hva leter du etter?

Anne Teresa De Keersmaeker - eit historisk tilbakeblikk. Del II

Bilete 9  Erts Photo  Herman Sorgeloos
ERTS (1992) - Foto: Herman Sorgeloos

"I have a love-hate relationship with [unison and repetition]. In some pieces I use them a lot; in others I don't. What I like about them is the way you can make one thing more emphatic, but also how you can point to small distinctions when different bodies execute the same movement"
- Anne Teresa de Keersmaeker

BLOMSTRING
I åra som følger går kompaniet frå den eine til den andre suksessproduksjonen. Kaaiteateret i Brüssel fungerer som hovudscena til kompaniet. Samarbeidet legg opp til mange og svært varierte verk. Koreografisk utgangspunkt, som alltid handlar om forholdet mellom dans og musikk, utviklar seg til å også handle om organisering av rørsle i rom og dramaturgisk utvikling av intensitet i tid. Arbeidsmetodar vert definerte som prosedyrar, anten der rørsle organiserast som repetisjon, variasjon, akkumulasjon, substitusjon og akselerasjon, eller der rørsle blir distribuert mellom dansarar i tid og rom. Ei interesse er å leite etter og omforme opphavet til rørslene; særleg når ein ser på dei som kjem frå det daglegdagse, gestar og formell abstrakt dansing.

Samarbeidet med Kaaiteateret gjer det mogleg for De Keersmaeker å samarbeide med samtidsmusikkensemblet Ictus Ensemble. Musikarane vart integrerte visuelt på scena saman med dansarane. Ho utviklar nå stadig nye estetiske konsept. Medan minimalismen pregar dei første produksjonane hennar, utforskar ho barokken mot slutten av tiåret med bruk av opera. Ho integrerer tekst, teater og film inn i stykka sine. De Keersmaeker vert interessert i dans på film og jobbar mellom anna med filmskaparen Peter Greenaway med ein koreografi som vert laga for å bli vist på skjerm og ikkje på scene. ERTS (1992) var banebrytande med bruken av video på scena og integreringa av livemusikk. Dette var verkeleg ein storskala-produksjon, og peika mot det faktum at Rosas i 1992 vart invitert til å vere huskompani ved ved La Monnaie ­– Den kongelege Operaen i Brüssel. Her var Rosas fram til 2007. I samband med samarbeidet sette De Keersmaeker seg tre nye mål: Å gjere sambandet mellom dans og musikk større og meir intensivt, å skape repertoar og å opprette ein ny danseskule i Brüssel. Det tredje målet hang saman med at skulen MUDRA hadde blitt flytta til Lausanne i Sveits i 1988. I 1995 vart skulen P.A.R.T.S – Performing Arts Research & Training Studios – grunnlagt som endå eit samarbeidsprosjekt mellom Rosas og La Monnaie.

Bilete 10 Drumming Photo  Herman Sorgeloos
Drumming (1998) - Foto: Herman Sorgeloos

UTVIKLING
Mål ein og to vart innfridd gjennom eit omstendeleg og ytst produktivt kunstnarvirke der mykje repertoir vart skapt på kort tid. Frå midten av 90-talet går ho inn i ein produksjonsrytme der ho annankvart år byttar på å skape minimalistiske og større verk. I verket Drumming (1998) går ho tilbake til Steve Reich sin musikk og prinsipp som bygger på repetisjon, gjenbruk og system, mellom anna Fibonacci sine matematiske prinsipp og det gyldne snittet. Her er golvet ramma inn som eit komplekst mønster som legg opp til ein skjematisk inngang for dansarane. Den dansariske frasen eller sekvensen hentar inspirasjon frå Trisha Brown sitt rørslevokabular. Anne-Linn Akselsen, studieleiar for samtidsdans ved Kunsthøgskulen i Oslo, er både tidlegare P.A.R.T.S-student, Rosas-dansar og lærar ved P.A.R.T.S. Ho lærte Drumming for første gong i løpet av studia og fortel at stykket er ekstremt komplekst:
- I nokre sekvensar er verket tilsynelatande kaotisk, men i det kaotiske ligg ein utruleg struktur som understrekar kor krevjande det er for dansaren.

Bilete 12  In Real Time  Photo  Herman Sorgeloos
In Real Time - Foto: Herman Sorgeloos
Bilete 12 1 Rain  Photo  Anne Van Aerschot
Rain (2001) - Foto: Anne Van Aershot

I 2001 markerer verket Rain, igjen med musikk av Steve Reich (Music for 18 Musicians frå 1976)), at ho hadde gått tilbake til rein dans og intimitet. Dette stykket står igjen som ein av dei mest karakteristiske produksjonane. I åra 2001 og 2002 feira Rosas 20-årsjubileum og 10-årsjubileum som huskompaniet i La Monnaie. I 2003 skjedde det ei stor omvending i arbeidet: Med verket Bitches Brew / Tacoma Narrows nytta ho jazzmusikk for første gong. Slik vart det også for første gong nytta improvisasjon i komposisjonen. Same året gjekk de Keersmaeker saman med tidlegare Rosas-dansar og koreograf Marion Ballester og laga Desh. Dette verket vart i 2005 utvida og gjort om til ei heil forestilling der jazzmusikk og indisk musikk vart konfrontert og slått saman (Raga for the Rainy Season / A Love Supreme).

Bilete 13  Tacoma Narrows
Tacoma Narrows

Steve Reich feira sitt 70-årsjubileum i år 2006 og Rosas vart invitert til å opne festivalen. Året etter sette De Keersmaeker to nye verk saman med to gamle til å bli forestillinga Steve Reich Evening. Akselsen, som var dansar i Rosas mellom 2006 og 2009, var ein del av denne produksjonen:
- Anne Teresa lot kvar av oss vere eit instrument. Vi fekk i oppgåve å kroppsleggjere stemma og kvaliteteten som tilhøyrer musikken og som eksklusivt er det individuelle instrumentet. Dette arbeidet var igjen basert på omstendeleg repitisjon. I løpet av ein lang prøveperiode og 200 forestillingar kan eg tenke meg at eg gjorde den same frasen millionar av gonger.

Bilete 14  En Atendant Festival D Avignon  Photo  Anne Van Aerschot
En Attendent (2010) Festival d´Avignon - Foto: Anne Van Aeschot

Rosas, 26.–30. november

Bilete 15  Cesena Festival D Avignon  Photo  Herman Sorgeloos
Cesena (2010) - Festival d´Avignon - Foto: Herman Sorgeloos

EVIG FORNYING
Utover 2010-talet blir uttrykket til De Keersmaeker mørkare og meir sobert. Dette merkast i verka En Attendent (2010), Cesena (2010) og Vortex Temporum (2013). Akselsen fortel om De Keersmaeker si utvikling og kontinuerlege evne til endring:
- Anne Teresa sitt mot og vilje til å tørre å eksperimentere er noko av det som gjer ho unik. Ho er modig når det kjem til å insistere på å produsere nye verk kvart einaste år. Ho tør å satse; nokre gongar er det fantastisk, andre gonger ikkje ein like stor suksess. Då tek ho erfaringa med seg i vidare utforskingar.

Bilete 16  Vortex Temporum  Photo  Herman Sorgeloos
Vortex Temporum (2016) - Foto: Herman Sorgloos

De Keersmaeker er altså uredd når det kjem til å fortsetje å utforske i kunstnarskapen. I 2015 tek ho for første gong arbeidet sitt ut av scenerommet og inn i museer med stykket WORK/TRAVAIL/ARBEID. Stykket, som varar like lenge som speletida ved dei ulike museuma, vart vist ved både MoMA i New York City, Pompidou-senteret i Paris og Tate Museum i London. For De Keersmaeker handlar det om å utnytte nye format. I år skapte ho også eit verk basert på den spanske kunstnaren og skulpturen Constantin Brâncuși sine arbeid i Brancusi (2019). Tidlegare har ho altså regissert både opera og teater. I år arbeider ho med ei ny Broadway-oppsetjing av musikalklassikaren West Side Story.

Bilete 17  Work Travail Arbeid At Mo Ma New York City  Photo  Anne Van Aerschot
Work, MoMa, New York (2015) - Foto: Anne Van Aerschot

Frå 2010 og utover starta Rosas å vise stadig meir av det tidlegare repertoiret, som nå gjerne blir videreutvikla. Det opprettast difor eit eige repertoarkompani i Rosas. Det handlar om å alltid kunne sjå verdien i det som allereie er. Akselsen seier:
- Absolutt alt i virket hennar er gjennomarbeida. Det baserer seg på ein systematisert, metodisk og analytisk tilgang til det som interesserer henne. Interessa i musikk blir utforska på mikronivå. Som koreograf ser ho likevel aldri etter det perfekte. Ho søker heller etter motstanden i kroppane som prøver å gjere noko umogleg. Dette skaper ein friksjon som uttrykker noko særeige og unikt; ein slags human tilstedeverelse. Dette kjem fram i Drumming i ein augneblink der dansarane går fram og lagar «hol» i den fjerde veggen. Og så kan ein sjølvsagt ikkje unngå å nemne det nydelege som skapast av utmattinga i Rosas danst Rosas. Ein av hovudkvalitetane til verk som Rain og Drumming er det intrikate samspelet mellom dansarane. Det er så til dei grader gjennomkoreografert.

Dansens Hus aktuelle A Love Supreme er eit av stykka som er vidareutvikla og reinkarnert som ein heilaftens produksjon. Her blir Salva Sanchis sin koreografi redigert av De Keersmaeker. Dansen er satt til musikken til John Coltrane, akkurat som i den opprinnelege koreografien. I denne koreografien nyttar De Keersmaeker og Sanchis metodiske grep som tidlegare nemnt av Akselsen; kvar av dei fire dansarane uttrykkar dei ulike instrumenta.

- In non-Western music, composition and improvisation are not mutually distinct concepts. Indeed, improvisation is composition in the immediacy of the moment.”

- Anne Teresa De Keersmaeker

Kjelder:
www.rosas.be
https://fringearts.com/2019/07/16/the-greatest-step-of-them-all-anne-teresa-de-keersmaeker-on-fase/ https://www.nytimes.com/2008/10/19/arts/dance/19sulc.html?pagewanted=2 https://snl.no/Teater_i_Belgia
https://www.theguardian.com/stage/2009/sep/08/dance-anne-teresa-de-keersmaeker-rosas https://www.nytimes.com/2019/10/02/arts/dance/de-keersmaeker-fase-rosas-danst-rosas.html

icon-facebookicon-instagramsoek_3icon-searchicon-twitterDansens Hus