Hva leter du etter?

DV8 og Lloyd Newson, Del 2

Fysisk teater
Innad i DV8 har mantraen vore å fokusere på den handlande kroppen og å finne sambandet mellom dei ulike kroppane som iscenesetjast. Uttrykket har større verdi enn mediet. Slik har det vore essensielt for Lloyd Newson å utnytte andre media for å mogleggjere ein tydeleg og direkte beskjed, gjerne då ved å inkorporere element frå teater, sirkus, film og tekst.

Newson arbeida meir som ein teaterregissør enn ein koreograf av samtida. Han jobba alltid ut i frå intensjon, fokus og undertekst. DV8 var det første kompaniet i Storbritannia som benytta beteikninga «fysisk teater» om arbeidet sitt. Uttrykket kjem frå den polske teaterregissøren Jerzy Grotowski som frå inngongen av 60-åra utvikla ein speleteknikk som insisterte på at skodespelaren skulle vere det leiande i ein kvar produksjon. I teksten Statement of Principles beskriv han at sceneuttrykket skal kulminere «a totality of physical and mental reactions». Utover 90-talet og 00-talet slutta Newson å bruke uttrykket fysisk teater fordi det vart brukt om alt som ikkje var tradisjonell dans eller teater.

Arbeidet til DV8 går gjennom ei organisk utvikling i løpet av perioden 1986–2016. Ser ein på scenisk uttrykk, prosessarbeid og metodikk, kan ein dele kunstnarskapen inn i tre epokar.

Bilete1

«The theatre og blood and bruises»
Duetten My Sex Our Dance (1986) markerer startskotet for DV8. Han vart skapt av Newson og skodespelaren Nigel Charcock som ein reaksjon på AIDS-epidemien og det kontroversielle lovforslaget «section 28». Lova vart igongsatt i 1988 og slo fast at alle autoritetar – lærarar, legar, helsearbeidarar, og så vidare – ikkje fekk lov til å formidle homoseksualitet og ein skeiv livsstil som noko akseptabelt. Rørslespråket i stykket er voldsomt, og definerast av ein farleg og ekstrem fysikalitet. Med kroppane ville dei to undersøke kva som ligg i å kunne stole på eit anna menneske i ei usikker tid. Dei ville uttrykke fysiske og kjenslemessige utfordringar som ligg tilliten mellom to mannlege elskarar. Uttrykket avslørte smerta og forvirringa som var eit faktum for mange marginaliserte grupper i 80- og 90-åra.

Det var tydeleg at dei to slo seg på riktig i den voldelege dansen. Stykket etablerte ein klar politisk agenda, og definerte det sceniske uttrykket i det som skulle bli den første epoken til kompaniet: dansarar som kastar seg frå stigar, kantar og gjennom scenerommet, på kvarandre og som slik smeltar saman atletisisme og masokisme. Epoken går frå 1986 til starten av 90-åra og har av pressa blitt kalla «the theatre og blood and bruises». Mange kunst- og dansekritikarar hadde problemar med å definere kva dei såg. «How far can a body, somebody, the “body”, be pushed before it becomes dangerous? Skriv Mary Luckhurst om dette arbeidet i den retrospektive artikkelen DV8 Ten Years on the Edge i 1997.

Stykka Deep End (1987) og In My Body, Your Body (1987) er like valdelege. Her utforskar kompaniet psykologien i kvinner som er i forhold med valdelege og misbrukande menn. Etter visninga av Deep End i New York City i 1988, skriv kritikar Anna Kisselgoff i The New York Times: “… They really do wrestle, get red in the face, pant and groan from effort and strain. When Mr. Newson, a tall man with a shaved head, repeatedly jumps onto the petite Miss Richecoeur's neck from behind and later Mr. Charnock collides with her from the front, one can feel uneasy. The point is not only that she sometimes breaks under the impact, especially when the man's body hits her neck, but that she is also blindfolded. The metaphor is not that of terror but worse: Miss Richecoeur acts totally submissive”.

Dead Dreams of Monochrome Men (1988) er igjen eit direkte svar til section 28. Her bruker Newson historia om massemordaren Dennis Nilsen som tok livet av femten homofile menn i sin eigen heim. If Only (1990), som er svært inspirert av arbeida til Samuel Backet, omhandlar idéen om tru og behovet for å tru på nokon eller noko. Forestillinga markerer overgongen til eit nytt og mindre ekstremt fokus for kompaniet.

Bilete2

Poetisk prosess
Neste epoke går frå 90- til 00-talet og definerast av eit nytt og meir poetisk uttrykk. Omfattande undersøking, ein ny metode der Newson lager manus for skapingsprosessen, samt det å utvikle forestillingar til film, definerer perioden. Det fysiske uttrykket er lettare, prega av ein tørr humor og fleire klassiske teatralske element. For første gong introduserast tale, rekvisittar og scenografi i det sceniske uttrykket. Fokuset omhandlar framleis konformitetens pris sett i samanheng med maskulinitet, kjendis- og populærkultur og dans som kunstart.

I skapinga veljer Newson temaet – «I only create when I have something to say”, seier han – og veljer utøvarar etter ønska ferdighet i forhold til det aktuelle prosjektet. Lik ein kumulativ collage utviklast arbeidet, der kvar individuelle utøvar får bruke seg sjølv og sine erfaringar gjennom lange og omfattande prosessar. Han beskriv arbeidet sitt som being a stimulator, facilitator, editor and constructor. Når det kjem til arbeidet med dansarar prøver han alltid å oppmuntre aktørane og dansarane til å finne former for rørsler som er personlege og unike for kvar einskild utøvar. Han seier: «Obviously I've been influenced by other dance forms but I'm not a purist — or stylist”.

Bilete4

Første filmproduksjon var basert på stykket Dead Dream of Monochrome Men (1990). På same måte som forestillinga, utforskar filmen innvevde begrep som einsemd, begjær og tillit i ei historie som bygger på korleis innlært homofobi resulterer i tragiske konsekvensar. Produksjonen skjedde for fjernsynet og det britiske kunstmagasinet The South Bank Show. Etter fjernsynspremiera fekk kompaniet enorm merksemd. Kompaniet er det einaste som nokon sinne har vore på framsida av tabloidavisa Sunday Mirror: 'Gay sex orgy on TV – Men cavort naked - except for underwear' skreik overskrifta. Stykket er absolutt ikkje ein sexfest. Det ho derimot inneheld er noko direkte og usensurert som kunsten mangla på det tidspunktet. Frustrerte tv-sjåarar ringte inn til kanalen, konservative politikarar krevde handling frå regjeringa og South Bank Show sikra sine høgaste sjåartal i historia.

Fire av verka til Newson har blitt tilpassa filmformatet. Filmane er aldri berre eit opptak av live-forestillinga. Han seier: "It's interesting what translates well into film. Quite often you see pieces that are just dead." Han gir sjeldan frå seg spakane i redigeringa. Filmane har alle blitt enorme suksessar og har mellom anna gitt kompaniet ein Emmy Award og tre Prix d’Italia.

Bilete5

Sex, dans og politikk og sånn
MSM (1993) er det første stykket som er basert i ein omstendeleg undersøkingsperiode. MSM, ei forkorting for uttrykket «Men who have sex with men», vart først brukt av sosiologar om menn som har sex med menn, men som ikkje identifiserer seg som homo- eller biseksuelle. Stykket handlar om seksuelle møter på offentlege toalett (cottaging), ein tematikk som var svært tabu. Til avisa The Independent sa Newson: “what attracted me to cottaging is the scope of sexuality that is revealed. It's a world where people go to discover themselves, to get in touch with that part of themselves which society doesn't allow them publicly to show”. Stykket vart til gjennom eit prosjekt ved National Theatre Studio der Newson og seks skodespelarar intervjua menn som hadde tilfeldig sex med menn. Ut i frå over seksti intervju vart ulike karakterar skapte, der ein tydeleg fysikalitet vart manifistert i dei ulike utøvarane. Stykket markerer eit nytt fysisk uttrykk hos Newson. Ingen av utøvarane hadde den farlege og voldsame fysikaliteten som var blitt eit kjenneteikn eller ein cliché ved DV8. Nå var fokuset lagt til logikk og rytme: der rytmen var diktert av ord og ikkje musikk.

Før MSM kunne visast ved teateret på West End i London, hadde kompaniet blitt advart at det ikkje kunne vise noko som var «ulovleg» eller «obskønt». Teateret ville ikkje risikere av visninga ville fornærme publikum. Med tanke på tematikken måtte ein advokat sitte gjennom prøvar i teateret og gi råd om kva som var «sømmeleg» og kva som ikkje var det.

Bilete6

Forestillinga, som først heiter Can We Afford This (2000), men som seinare blir gjort om til The Cost of Living, viser korleis Newson vidarearbeider verka sine. Stykket går frå å høyre heime på scene til å fungere som eit fast performance-stykke ved Tate Modern i London under tittelen Living Costs (2003). I 2005 blir stykket til ein miniatyr kompis-film som fungerer som ei overraskande feiring av sosial og fysisk utilstrekklegheit.

Just For Show (2005) viser kompaniet sitt omfattande kryssjanger-arbeid, der stadig meir vilkårlege sjangrar innanfor dans og teater blir smelta saman. Det tidlause Ibsen-sitatet: "Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, tar De selve lykken fra ham med det samme" er nytta som utgongspunkt. I artikkelen Keeping the edge, preserving reality frå Irish Times i 2005 står det: “If Dead Dreams was a reaction to Thatcherism then Just for Show is a reaction against Blairism. Along with The Cost of Living it looks at our changing values and what we are prepared to accept as truth. "We all lie. And we all accept lies from other people. So how much is too much? Theatre itself is a great lie. It's not for real." Or is it? It's a grey area that Newson enjoys”.

Bilete7

Kontroversielle direktesitat
Siste epoke for DV8 går frå 2007 og definerast stykker som Newson kallar verbatim theatre pieces; ordrette forestillingar. Nå er fokuset retta mot å undersøke forholdet mellom tekst og rørsle og å ta ubehandla tekst inn på scena.

Forestillinga To Be Straight With You (2007), som undersøker toleranse og intoleranse innanfor kultur, religion og homoseksualitet, markerer overgongen til det nye fokuset. I prosessen vart 85 personar med ulik etnisitet og seksualitet intervjua. Ambisjonen var å stille spørsmål til korleis samfunnet forsonar religiøs tru med individet sine menneskelege rettigheter. Inspirasjonen kom i frå eigne erfaringar der Newson hadde oppleve diskriminering på tvers av minoritetar, samt korleis mange verdsreligionar openlyst diskriminerte (og framleis i dag diskriminerer) homofile og skeive. I tillegg besøkte dei protestsamlingar mot homofili og abort. Målsetjinga var å la publikum bli meir merksame på liva til menneske som lev i skjul i eit liberalt og tilsynelatande tolerant samfunn.

Bilete8

Ytringsfridom og sensur vart satt på agenda i kanskje ei av dei mest kontroversielle danseforestillingane som er laga: Can We Talk About This (2012) tek for seg Storbritannia si liberale blindsone med hensyn til Islam. Forestillinga bygde både på allereie eksisterande intervju og intervju gjort av Newson sjølv. Desse involverte menneske sett i samband med brenninga av Salman Rushdie si bok Satanistiske Vers, samt kollegaer av filmskaparen Theo van Gogh som vart drept av ein nederlansk islamist. Kritikken var svært blanda og Newson mista venner i skapinga av stykket. Newson, star sjølvsagt rakrygga og har uttalt I samband med produksjonen: «… turning blind eyes to certain cultural/religious practices has not helped social cohesion, which is what we all want … in fact, ironically, politicians have created the very problems they were trying to avoid”.

Kompaniet sin siste produksjon, John (2014), tok igjen for seg tilfeldig sex mellom menn og bygde på intervju med menn. Då Newson høyrte historia til intervjuobjektet John, tok prosessen ei plutseleg vending. Forestillinga gjekk frå å skulle vere politisk til å bli svært personleg: eit portrett av den 52 år gamle mannen som etter å ha blitt lauslatt frå fengsel oppsøkte saunaen for å fine ei ny meining. «I want to be ‘normal’ the way you middle-class people define ‘normal” skal han ha sagt då han møtte Newson.

Bilete9

DV8 i samtida
I januar 2016 annonserte Newson at han ville ta ein time out frå kompaniet for å kunne tenke på framtida. Då hadde kompaniet turnért 29 land og motteke 55 nasjonale og internasjonale prisar. Fram til 2020 stod arbeidet på hold. Då vart forestillinga Enter Achilles (1995-1998) tatt opp igjen og rearbeida. Opprinneleg tok research-arbeidet med forestillinga nesten to år. Stykket handlar om maskulinitet og kva maskulinitet skal bety. Improvisasjonsøvingar i prosessen baserte seg på å definere maskuline rørsler og kva akseptabel fysisk kontakt mellom menn er. Korleis går ein person maskulint? Stykket er eit slags studie av arbeidarklassemannen i Storbritannia.

Lloyd Newsson si strenge haldning til meining leidde han til kjernen i arbeidet sitt og tok han frå ein ekstrem og intens fysikalitet, via den konseptuelle prosessen, til eit direkte og ordrett uttrykk. For uttøvaren har arbeidet utvikla seg frå å vere fysisk utfordrande til å bli stadig meir mentalt krevande. Sjølv seier han at tekstar som er natulege og tette gjer han til ein betre koreograf. “It forces you try to find a movement that will match what is being said, and the array and combinations of words is endless, so it’s made me more particular – and of course there are no pirouettes or arabesques because they’re absolutely meaningless”.

Kjelder:
The Twentieth Century Performance Reader, 3rd Edition by Teresa Brayshaw (2013)

www.dv8.co.uk

https://www.independent.co.uk/...

https://www.theguardian.com/st...

https://www.irishtimes.com/cul...

https://www.independent.co.uk/...

https://www.nytimes.com/1988/1...

https://www.nrk.no/urix/margar...

https://www.nrk.no/urix/margar...

https://www.bbc.com/news/uk-en...

https://www.lcds.ac.uk/?gclid=...

icon-facebookicon-instagramsoek_3icon-searchicon-twitterDansens Hus