Hva leter du etter?

Det får då vera grenser

Me set grenser heile tida – ofte utan at me merkar det sjølve. Men språket røper oss.

Souflette Foto Helge Hansen 7517

«Still deg i hjørnet!» kan me seia, det er ei enkel ordre, alle skjønar kva det tyder. Men når me ser nærmare på formuleringa, er ho ikkje så enkel likevel. Kvar startar og sluttar eit hjørne? Og eit hjørne er då berre to vegger som møtest, ikkje eit omsluttande rom, så korleis kan du vera i hjørnet? Her kjem det grensesetjande talentet vårt inn. Der det ikkje finst noko tydeleg skilje, lagar me eit. Me projiserer ei grense på det som ikkje er avgrensa. I dette tilfellet er det dessutan snakk om meir enn ei grense, for det me eigentleg gjer med hjørnet, er å sjå for oss at det er ein behaldar som me kan gå inn og ut av.

Souflette Foto Helge Hansen 7268

Til og med orda våre blir avgrensa på denne måten. Me har seiemåtar som «det var berre tomme ord», «kva legg du i det ordet?», «det var ikkje noko meining i det ho sa». Desse formuleringane botnar i ei vanleg oppfatning, nemleg at meining er eit objekt, og at orda er behaldarar som meininga kan vera i. Men dette er berre éi av fleire førestillingar om kva orda våre er og gjer. I staden for å sjå for oss at orda er behaldarar, kan me sjå for oss at orda er merkelappar som me kan festa på ting og fenomen ikring oss. Dersom me «set merkelappar på folk», klistrar me dei fast til den eigenskapen eller grupperinga som ordet viser til. Slik kan me bruka orda til å sortera og kategorisera, og den aktiviteten blir ofte forstått som at me legg eit objekt i ein behaldar: Me puttar nokon i ein kategori, set dei i bås.

Korleis er det å bli plassert i ein slik behaldar? Det varierer. Nokre synest det er fint å endeleg ha fått ein stad å vera. Dei set pris på fellesskapen med dei andre menneska i behaldaren og kjenner seg heime, rett og slett. Sjølv trivst eg godt i kategoriar som «nynorsking», «homo», «bokorm», «austlending» og «kaffikjerring». Andre som blir plasserte i dei same kategoriane, synest kanskje at det er trongt, trykkjande og avgrensande å vera der. Dei får ikkje armslag og kjenner seg innesperra. Då kan dei prøva å bryta ut og boltra seg ute i det fri, eller dei kan søkja seg mot ein annan kategori – eller laga ein ny.

Alt dette er døme på at me teiknar opp grenser der det i utgangspunktet ikkje finst nokon. Me gjev form til noko me ikkje kan sjå og sansa direkte. Kategoriar blir rom med god eller dårleg plass. Ord blir behaldarar og merkelappar – eller objekt med ei sanseleg utside: Me kan seia at orda er stygge, pene, ekle, mosegrodde.

Men kvifor førestiller me oss at orda er objekt og lappar og boksar? Det kan sjå ut til at sinnet vårt er programmert til å tenkja biletleg. Mange av dei fenomena og kjenslene me kjem i kontakt med gjennom livet, kan ikkje sansast og forståast direkte. Løysinga vår er då å ta utgangspunkt i noko som er meir grunnleggjande eller konkret, og bruka det til å skapa orden og meining i kaoset. Dette går av seg sjølv, det er som ein eigen sans. Me tenkjer gjennom metaforar, forstår éin ting ut frå ein annan. Ord er merkelappar. Hjørnet er ein behaldar.

Hh 7332

Me må difor kvitta oss med den utbreidde oppfatninga at metaforar berre er eit språkleg verkemiddel som poetar og retorikarar brukar til å skapa flotte og effektive formuleringar. Det er snarare slik at tenkjemåten vår er metaforisk, og at dei metaforane me tenkjer og lever med, kjem til syne i språket. Uttrykk som «dei har ein fruktbar fantasi», «frøet til denne teorien vart sådd i 70-åra» og «ho plantar idear i hovudet på dei» røper at me førestiller oss tankar som planter. Ein tanke er ikkje ei plante, men omgrepet plante er med på forma oppfatninga vår av kva tankar er og gjer. Det at nokon «plantar ein idé» er altså ikkje berre noko me seier. Me tenkjer at nokon gjer det – og kanskje fryktar me at ideen skal «slå rot» og «slå ut i full blom».

Å seia at metaforar er med på å forma forståinga vår av i verda, kan oppfattast som eit knefall for subjektiviteten. Kva skjedde med rasjonalitet og fakta? Eit hjørne er ikkje ein behaldar! Det må då gå an å vera litt objektiv! Nja. Ifylgje metaforforskarane George Lakoff og Mark Johnson bør me slutta å vera så fikserte på kva som er objektivt sant og rett. Absolutt objektivitet føreset at verda er oppbygt av sjølvstendige gjenstandar, og at desse gjenstandane har eigenskapar som ikkje blir påverka av korleis me opplever dei. Absolutt objektivitet føreset òg at dersom me skal seia noko sant om verda, må me bruka presise ord som «passar» med røyndomen, og halda våre eigne kjensler og kulturelle oppfatningar utanfor. Men det er umogleg for oss å stå i ein slik nøytral og tilbaketrekt posisjon. Me forstår verda gjennom å interagera med henne, gjennom å ferdast i fysiske og kulturelle omgjevnader. Heilt objektive og heilt subjektive skildringar av verda finst ikkje.

Til dømes slepp me ikkje unna kroppen og opplevinga av å vera i ein kropp. Eit av kjenneteikna til kroppen vår er at han er tydeleg avgrensa frå omverda, ein åtskild eksistens. Det er nok difor me gjerne projiserer grenser og overflater på ting som ikkje har slikt frå før: Me sjølve er skarpt avgrensa, det er den måten me er i verda på.

Men denne interessa for tydelege grenser kan bli problematisk. Det er støtt ein fare for at me tek til å vakta grensene strengt og straffa eller sjå ned på folk og fenomen som kryssar dei. Personar som brukar mange engelske slangord når dei snakkar norsk, kan bli skulda for å forsøpla språket: Dei blandar element frå ulike språk, bryt grensene mellom dei. Personar som blir tiltrekte av både menn og kvinner (og eventuelt andre kjønn), får stundom høyra at dei må «bestemma seg».

Underforstått: Dei bør halda seg inne i éin kategori, ikkje «hoppa» og «vingla» mellom homo og hetero – det er uryddig og forvirrande.

Souflette Foto Helge Hansen 7613
Foto: Helge Hansen

Kva med det omstridde pronomenet hen? Det må då vera det ultimate dømet på rot og grensebryting?


Det ser ut til at førestillingane våre om kva språk er, er med på å avgjera korleis me stiller oss til dette nyordet. Ein del av hen-motstandarane ser ut til å meina at språket er ein spegel, og at denne spegelen skal reflektera verda mest mogleg korrekt. Dei argumenterer gjerne slik: Sidan det finst to biologiske kjønn (kvinne og mann), er det nok med to pronomen (ho og han). Dei avviser hen fordi ordet ikkje samsvarar med verda deira. Interessant nok finst det òg hen-tilhengjarar som ser for seg at språket er ein spegel. Dei seier at hen matchar identiteten deira, og at språket gjev eit meir korrekt bilete av verda dersom pronomensystemet blir utvida, så me får ho, han og hen. Mange debattantar meiner dessutan at språket er ei formande kraft, men dei er usamde om konsekvensane. Nokre fryktar at hen skal forvirra borna og gjera dei usikre på sin eigen identitet, andre håpar at hen skal gjera kjønnsmangfaldet større og oppmuntra born til å utforska og leika med kjønnsnormene.

Sjølv har eg ofte tenkt at språket er ei bygning, og at orda er rom som me kan flytta oss mellom. Då eg fekk høyra om hen, tenkte eg: Hurra!

Eit nytt rom! Frisk luft og ny utsikt! Dei siste åra har eg ofte gått inn i dette rommet, utforska det, blitt kjend med andre som òg oppheld seg der. Det er ikkje det at eg synest det er utriveleg i ho-avdelinga, der eg bur til vanleg, men det er litt trongt, og eg har ofte hatt ei kjensle av å ikkje høyra heime der, fordi eg ikkje «ser kvinneleg ut». Hen byd fram eit alternativ, det er ein tilfluktsstad der kategoriar som kvinneleg og mannleg er i flyt. Eg har enno ikkje funne ut om eg vil slå meg til for godt i dette rommet. Men eg har lyst til å kunna gå inn i det av og til, kryssa grensa mellom ho og hen, sjå verda frå ulike utsiktspunkt.

For grenser finst og må finnast, men nokre av dei har godt av å brytast og flyttast.

KRISTIN FRIDTUN (f. 1987) er utdanna språk- og litteraturvitar og arbeider fulltid som skribent og forfattar. Koplinga mellom språk, kjønn og seksualitet er eit sentralt tema i forfattarskapen, mellom anna i boka Kjønn og ukjønn (2015). Kristin bur på Lillehammer med kone og katt.
Teksten er opprinnelig publisert i carte Blanches Magasin 7, 2018.

Soufflette, 11.–14. oktober 2018

icon-facebookicon-instagramsoek_3icon-searchicon-twitterDansens Hus