4

Fysisk foredrag:William Forsythe

Jonas Øren, 14. mai 2020

Jonas Øren,
14. mai 2020

Sjå, høyr og lær om William Forsythe.

  • Varighet60 min
  • SceneEkstern

Spilledatoer

  • 14. mai - 16:00

Både fysisk og verbalt presenterer dansekunstnaren Jonas Øren det koreogafiske- og metodiske arbeidet til ein av dei største koreografane frå etterkrigstida.

Øren illustrerer korleis kunstnarskapen til William Forsythe har vore med på å endre dansen, dansaren og vår lesing av dans, samt å utvide kva rørsle skal og kan bety. Hans dansariske og koreografiske tenking nærar lesing av arkitektur, rom, lys og levande og/eller rørlege objekt.

Publikum vil få eit innblikk i korleis han var og stadig er med på å endre retning og utvide begrep innanfor dans og klassisk ballett, koreografisk tenking, bruk av musikk, rom, lys og ikkje minst kroppen og moglegheitane som ligg i den.

Streamen finner du her

Medvirkende

  • Danser og koreograf

    Jonas Øren