Forstå koreografi

Fysisk foredrag med dansar og redaktør Jonas Øren om Anne Teresa De Keermaeker sin koreografi.

Jonas Oren Portrett

Anne Theresa de Keersmaeker si koreografiske undersøking av musikk, formelle prinsipp og sosiale strukturar nærmar seg snart førti år (2020). Ei undersøking og ein kunstnarskap som har gjort ho til kanskje Belgia sin største koreograf og eit av dei viktigaste namna innanfor koreografi og dansekunst internasjonalt. A Love Supreme er skapt saman med koreograf Salva Sanchis der metodar frå John Coltrane sin musikalske praksis er nytta i komposisjonen.

I samband med forestillinga gjer Jonas Øren eit djupdykk inn i de Keersmaeker sin omfattande kunstnarskap. Både fysisk og muntleg presenterer Øren korleis de Keersmaeker binder saman dans og musikalske strukturar, rørsle og lyd, samt ser på formelle prinsipp frå geometri, numeriske mønster og sosiale strukturar som ein inngong til koreografisk tenking og skaping.

Ved å sjå på ikoniske verk frå kunstnarskapen hennar aukar forståinga for kva som skjer på scena i A Love Supreme. Verket bygger på Den musikalske trusbekjenninga som er Coltrane's jazzmeisterverk med same namn. (Musikken møter koreografi og improvisasjonstkeknikkar signert Sanchis og komposisjon og eit strukturelt design av de Keersmaeker.)