- What else, besides the body, could physical thinking look like?
William Forsythe
I samband med forestillinga A Quiet Evening of Dance presenterast eit fysisk foredrag av Jonas Øren. Her vil det koreogafiske- og metodiske arbeidet til ein av dei største koreografane frå etterkrigstida både bli fysisk og verbalt dissekert.
Øren presenterer og viser med kroppen korleis Forsythe sitt koreografiske virke frå byrjinga av 1980-tal har vore med på å endre dansen, dansaren og vår lesing av dans.
Publikum vil få eit innblikk i korleis han var med på å endre retning og utvide begrep innanfor klassisk ballett, koreografisk tenking, bruk av musikk, rom, lys og ikkje minst kroppen og moglegheitane som ligg i den.
Jonas Øren er dansekunstner og moteredaktør i PS:Magasin.
Fotograf: Martin Rustad Johansen.