Hva leter du etter?

Leahkit, 8.–21. april 2016

Leahkit,
8.–21. april 2016

Spilles: fre. 08. apr. 2016 lør. 09. apr. søn. 10. apr. tor. 21. apr.

«Leahkit» er eit fasinerande og engasjerande møte mellom leiaren av FRIKAR, Hallgrim Hansegård, og den samiske musikaren og joikaren Torgeir Vassvik.

Leahkit er nordsamisk for ”å vera til stades”, ein fysisk, mental og spirituell tilstand som har havna på gourmetdisken i ei tid der multi-tasking blir forventa dagleg.

Hansegård og Vassvik har dykka ned i sine respektive tradisjonar for transe i dans og musikk, som er stilna av fornorsking og kristning gjennom tidene. «Leahkit» er eit sjeldent møte mellom norsk folkedans og joik. Verket utforskar ei reise mellom ulike måtar å vera til stades på.

Hallgrim Hansegård etablerte FRIKAR i 2006 for å skapa samtidskunst bastert på eldgammal kunnskap. Verka hans er spelte i 30 land og utallige tv-kanalar, og i 2013 fekk han sølvprisen under Prix Italia. Han har lært av dei gamle meistarane, pusta støvet av sjeldne skrifter og søker alltid etter ny kunnskap om mennesket og nye samarbeidsformer.

Torgeir Vassvik er ein av våre mest markante joikarar. Han representerer ein lang kontinuitet i formidlinga av den kystsamiske musikken, og fornyar denne med ein lukkeleg kombinasjon av austlege og vestlege element.

I «Leahkit» kombinerer Hallgrim Hansegård det arkaiske med det moderne på ein kreativ og grensesprengande måte, og viser seg som eit sant geni i sin kunst

..ei spennande oppleving, ein flott kombinasjon av kunstformer som underteikna aldri har sett før

Westdeutscher Rundfunk

Medvirkende

Koreografi, dans og kostymedesign:
Hallgrim Hansegård
Musikk:
Torgeir Vassvik
Lysdesign:
Horst Mühlberger
Dramaturg:
Matthias Quabbe
Lyddesign:
Herman Kvelprud
Kostyme:
Sylvia Denais
Ytre ugo:
Maja Ratkje
Karene Lyngholm
Produsent:
Frikar
Medprodusent:
Dansens Hus
Teater Innlandet
Beaivváš Sámi Našunálateáhter
Fjelldansen
Støttet av:
Norsk Kulturråd
Oppland fylkeskommune
Valdres Natur- og Kulturpark
icon-facebookicon-instagramsoek_3icon-searchicon-twitterDansens Hus