Eg er Anna

Eg er Anna. Eg kjem frå Lærdal i Sogn, det er akkurat like romantisk og vakkert der som du kanskje ser føre deg. Dette biletet ville ha blitt styrka om du fekk sjansen til å lytte til den nærast norrøne dialekta derfrå. Mi eiga er noko utvatna, men eg kan gjerne overdrive den om du spør meg.

Foto Tale Hendnes 2 4

Frå barndommens unge år kan eg hugse ein sterk drivkraft, lysta til å fordjupe meg i det eg var interessert i. Eg treivst i kjensla av å bli oppslukt av noko, eg likte til dømes å starte seriøse klubbar, bygge flåtar og loggføre eit nøye planlagt treningsopplegg som skulle omforme den ulydige kaninen min Cappelito til å bli ein sprangkanin av toppidrettskaliber. Eg opplev at drivkrafta i meg er eit personlegdomstrekk som har potensiale til å utvikle seg til ein monomanisk livsføring. Men det kan og vere ein stor styrkje, for eksempel i ein soloprosess som eg er i akkurat no, der timane åleine i studio kan bli lange.

Det er for meg eit spanande mysterium korleis kropp og sinn, also noko fysisk og ikkje-fysisk, samhandlar. Eg blei interessert i denne tematikken gjennom å sneie innom nokre filosofi- og psykologistudier og skjønte at det var eit djuptgåande filosofisk problem med lange røter. Sjølv om eg ikkje har nokon god forklaring sjølv, syns eg overbevisinga til Descartes er litt komisk, at sjelen påverker den mekaniske kroppen og omvendt gjennom ein bestemt del i hjernen, eg ser alltid føre meg den delen som ei turr kongle.

Foto Tale Hendnes 2 16

Første gong eg kopla denne undringa saman med dansen, var då eg innstuderte eit solostykke originalt gjort av Line Tørmoen og Zero visibility corp/Ina Christel Johannesen under danseutdanninga ved Kunsthøgskulen. Denne erfaringa satte verkeleg fyr på interessa mi for påverknadsforholdet mellom sinn og rørsle og eg fekk tilgang på sider ved meg sjølv som eg hittil ikkje hadde tenkt hadde nokon samanheng med dansen. Eg starta å trene dans mykje seinare enn mange av mine medstudentar og blei ofte frustrert over eigne tekniske ferdigheiter som eg følte ikkje strakk til, eg hadde ikkje den same kroppskontrollen som dei andre sjølv om eg øvde so hardt eg kunne. Under innstuderinga opplevde eg nye måtar for meg å jobbe på, eg søkte innover mot sinnstilstandane og lot kjenslene ha ein løpande dialog med kroppen. Ein til dømes skarp bevegelse med handa som eg kunne øve på i vekesvis i danseklassane blei plutseleg ultrapresis når eg såg føre meg å skjelle ut nokon, eller at eg var ein gamal mann på vill jakt etter sin levande spaserstokk. Eg skjønte at det var mogleg å kome fram til bestemte fysiske utrykk og kvalitetar gjennom å nytte seg av minner, kjensler og tankar, kognitive ferdigheiter som er langt eldre enn mine få år i dansetreninga. Då tenkjer eg ikkje berre på ferdigheiter frå min eigen levetid, men til og med den kunnskapen som ligg nedarva i alle menneskjer i eit evolusjonsmessig perspektiv.

Foto Tale Hendnes 2 19

Eg bestemte meg for å utforske samhandlinga mellom kropp og sinn gjennom eit eige studentarbeid i 2015 og seinare i eit forprosjekt i 2018. Dette er no utgangspunktet for soloen Still som skal synast på Koreografilaboratoriet. Eg er ein person som føler veldig mykje, veldig ofte og er særleg nysgjerrig på å gå i djupna av forholdet mellom rørsle og kjensler. I prosessen med å utvikle soloen leikar eg meg med ei breidde av ulike fysiske kvalitetar som eg tykkjer er nært knytt til kjenslene. Muskulær spenning, til dømes i skuldrane eller magen, kan gjere det vanskeleg å puste å skape frustrasjon eller sinne, medan svak spenning i heile kroppen kan gi meg kjensla av å vere klar til å angripe eller flykte. Dragning i forskjellige retningar kan verke overraskande på meg, det er som om det berre skjer med meg snarare enn at eg utfører rørsla sjølv. Eg forsøkjer å å skape eit reinskåre men fleirdimensjonalt utrykk ved å kombinere dei ulike kvalitetane i vekslande tempo. Ein sekvens med improvisasjon kan til dømes byte på å sleppe og spenne i kroppen, innehalde både lange rørslebaner eller kvikke skift. Dersom eg klarer å gi plass til instinktet på toppen av desse oppgåvene kan det oppstå ei euforisk kjensle av fridom i kroppen som er ganske herleg. Rørslene kan vere kva som helst, diffuse eller skarpe, men arbeidet ligg i å klargjere dette for meg sjølv heilt ned til detaljnivå. For å kome dit lytter eg til eigen nysgjerrigheit og bruker mykje tid på god, gamaldags øving (her kjem monomanien godt med). På ei anna side er det ikkje alt i stykket som er definert og avklart til einkvar tid, det er like interessant å la kjenslene og rørslene som oppstår saman få lov til å berre vere akkurat det dei er i augneblunket, noko som kan variere frå dag til dag.

Tittelen på verket, det engelske ordet still, kan tolkast i ulike retningar då det kan tyde både «stille» og «framleis». Stillstand er noko eg jobbar med som ei motvekt til det å skulle føle so mykje heile tida og eg leiter etter eit nullpunkt som eigentleg ikkje fins, der kroppen er tømt for innhald. Eg kan til dømes stå stille og prøve å ikkje føle noko som helst. Ein observant publikummar kan sikkert avsløre ulike sinnstemningar ogso her.

Foto Tale Hendnes 2 49

Eg trivst godt med å jobbe med solo fordi eg føler eg lærer mykje om meg sjølv som dansekunstnar og utøvar ved å faktisk holde ut alle dei timane med fysisk utforsking i studio åleine utan at nokon ser på. Det gjer at eg stadig blir nøydd til å leite etter eigeninteresse og vere nysgjerrig på rørslematerialet og utrykket for å kome vidare. Denne erfaringa er verdifull som utøvande dansar i nokon andre sitt verk og, ein kan bruke sin eigen nysgjerrigheit og sjølvdriv for å medverke til å løfte kunstverket til eit nytt nivå.

Akkurat no er eg inne i ein fase av prosessen der soloen byrjar å ta form og eg kjenner eit akutt behov for å ha nokon andre i rommet medan eg arbeider. Eg inviterer inn ytre auger på prøvane, altso nokon som kan gi meg tilbakemelding og tilby synspunkt som eg kan jobbe vidare med. Eg organiserer små prøvevisningar for vener og kjende for å få ei kjensle av korleis det er å kommunisere det eg har skapt til eit publikum. Det blir spanande å høyre kva for ulike intrykk folk kjem til å sitte att med etter Koreografilaboratoriet og eg vonar du som publikum vil dele nokon av tankane dine om soloen med meg.

I dagane fram mot visninga er kjenslelivet i alle fall rikt nok, då det skiftar mellom iver, forvirring, skjelvande nervøsitet og fryd!

Koreografilaboratoriet 2019, 14. - 19. mai 2019