Vil du utvikle deg som kritikar?

Ynskjer du å skrive meir om dansekunst? Black Box teater, Dansens Hus, Kunsthøgskolen i Oslo avdeling Dans og scenekunst.no har gått saman for å styrke situasjonen for dansekritikk i Noreg. Til våren inviterer vi 8-10 kritikarar til å delta i eit nytt prosjekt støtta av Norsk kulturråd og Fritt Ord.

Illustrasjonsbilde fra forestillingen Skinn av Supernova Foto: Tale Hendnes

Vi inviterer til tre samlingar som kvar går over to- tre dagar i Oslo. Under samlingane vil ein sjå ulike framsyningar som skal skrivast om, og delta på eit fagleg program med inviterte gjester. To fagredaktørar vil fylgje opp prosjektet og ein forpliktar seg til å skrive kritikkar under alle samlingane og delta i samtalar kring kvarandre sine tekstar. Kritikkane vil bli vurdert redaksjonelt for eventuell publisering på Scenekunst.no. Første samling er 26.-28.januar på Dansens Hus, andre samling vil vere i tidsrommet 9. -17. mars under Oslo Internasjonale Teaterfestival og siste samling vert i starten av juni. (Eksakte datoar kjem i desember).

Samlingane vil omfatte historiske og normkritiske perspektiv, framsyningsanalyse, kritikken og kritikaren si rolle og innsikt i sentrale omgrep og vendingar i den samtidige dansekunsten. Målsettinga er å inspirere og utvikle nye kritikarar for dansekunst og auke kvaliteten og volumet på dansekritikken i Noreg. Vi ynskjer å rekruttere kritikarar frå heile landet for å byggje eit nasjonalt nettverk av dansekritikarar.

Prosjektet dekkjer reise og gir honorar for kritikkane som vert publiserte. Kritikarar med publiseringsavtalar vert oppfordra om å søkje. Søknadane vert lesne og vurderte av scenekunst.no og svar vert gitt i byrjinga av desember.

Dramaturg ved Black Box teater, Melanie Fieldseth og kritikar Anette Therese Pettersen vil vere faglege redaktørar for prosjektet, og samlingane vil vere på alle dei tre vertskapsinstitusjonane. Solveig Styve Holte, formidlingskonsulent ved Dansens Hus, er koordinator for prosjektet.

For spørsmål ta kontakt med:
Anette Therese Pettersen, scenekunst.no: [email protected], Melanie Fieldseth, Black Box Teater [email protected], Snelle Hall ved Kunsthøgskolen i Oslo: [email protected] eller Solveig Styve Holte, Dansens Hus: [email protected]

Send søknad her

Søknadsfrist 20.november 2017

icon-facebookicon-instagramsoek_3icon-searchicon-twitterDansens Hus