Såg du «Som lauvet i Vallombrosa»?

No er regissør Alan L. Øyen klar med ny framsyning på Dansens Hus. Heilt nyskrive teater!

Det vart femmarar i store mengder etter premiera i vinter. ”Alan Lucien Øyens Vallombrosa er blitt forrykende teater” las vi i Aftenposten. ”En sterk og morsom hyllest til livssmerten, og til alt som ikke ble det man hadde trodd her i livet” var kritikken i Dagsavisen, og Dagbladet kalla forestillinga ”en karikatur og en kjærlighetserklæring.”

No er det ei stor og breidt anlagt urpremiere som står på plakaten. Saman med makker Andrew Wale leverer Alan L. Øyen tredje og siste del av ein trilogi, som har sett USA i fokus. Gjennom eit lappeteppe av personlege historiar vert det skapt eit intrikat og mangfaldig bilete av USA, ikkje utan humor og ironi, men alltid med stor varme og evig undrig over korleis verdas einaste supermakt er blitt som ho er blitt. Akkurat no ei større gåte enn nokon gong. Forestillinga vert spela på engelsk.

America Ep. 3: SuperAmateur, 1.–3. september

icon-facebookicon-instagramsoek_3icon-searchicon-twitterDansens Hus