Perspektiv

Perspektiv er ein ny samtaleserie der kveldens forestilling vert sett samanheng med ulike historiske og dansefaglige perspektiv.

Perspektiv er ein ny samtaleserie ved Dansens Hus. I løpet av våren vil vi med utgangspunkt i tre ulike internasjonale gjestespel løfte frem eit verk, eit kompani og ein koreograf. Perspektiv er ein samtale der kveldens forestilling fungerer som eit springbrett for både fordjuping der breiare tematikkar og interesser vert adressert. Serien er utvikla av fagansvarleg ved Dansens Hus, Solveig Styve Holte i samarbeid med Danseinformasjonens historiker Sigrid Øverås Svendal, og vil skje søndagar kl 17.00. Denne våren vil vi arrangere Perspektiv i anledning forestillingene til Rosas, Cullberg og Meg Stuart.

Rosas
Til vårens første Perspektiv søndag 29.januar har vi invitert teoretiker og forfatter Bojana Cvejic. Samtalen vil vere eit djupdykk i forestillinga Rain med utgangspunkt i arbeidet Cvejic har gjort saman med Keersmaeker i dei tre bøkene A Choreographer´s Score. I desse bøkene fins det samling av kjelder som var grunnlag for skapelsesprosessen, utlegging av ulike koreografiske metodar og komposisjonsprinsipp, bilder, koreografens eigne notatar, korspondansar og kritikkar. Samtalen vil óg tenke høgt kring korleis tid verkar i dans gjennom at arbeidet no vert presentert på nytt femten år etter urframføringa. Cvejic publiserer i filosofi, performanceteori og dans og har mellom anna utgitt Expressive Concepts in Contemporary Dance and PerformanceI(2015) og Public Sphere by Performance saman med A.Vujanovic i 2012. Cvejic har óg samarbeida med ein rekke internasjonalt annerkjende koreografar som Mette Ingvartsen, Xavier le Roy, Eszter Salamon, Cvejic er óg ein ettertrakta gjestelærar og undervise ved ei rekke utdanningsinstitusjonar i Europa. Denne samtalen vil skje på engelsk.   

Komande Perspektiv
Om Cullberg og kompaniet som arbeidsform, 19.februar kl 17.00 med Holte, Svendal og tidlegare Cullberg danser Torunn Robstad.

Om Meg Stuarts kunstnerskap, 12.mars kl 17.00 med Holte og Svendal

Utover Perspektiv vil det skje en Kunstnarsamtale med koreografene bak arbeidet  i etterkant av forestillinga til både Rosas og Cullberg. Kunstnarsamtalen er ein samtale mellom koreografen og kunstnerisk leder ved Dansens Hus, Un-Magritt Nordseth. 

icon-facebookicon-instagramsoek_3icon-searchicon-twitterDansens Hus