Et kollektivt intervju: Solveig Styve Holte

Hva gjør Solveig Styve Holte en torsdag kl 18.00? Dusje og klippe Johan (5) i Markus og Martinus-sveis. Kunstnerkollektivet Lightness: Fleire intervjuer kunstnerisk leder og initiativtaker i prosjektet.

Kostymer Foto Tale Hendnes 36

Hanna Gjermundrød: Hvor føler du deg hjemme?
I barneboka “Frosken og Rotta” spør Frosken Rotta kvar ho kjem frå. Alle stadar og ingen stad. Det kunne vere eit litt pretensiøst svar. Eg kjenner meg heime saman med menneske og på mange ulike stadar. Eg kjenner meg heime når eg ser ting eller sjølv  kjenner eg er del av, ting der noko står på spel for å finnest. Akkurat no er eg oppteken av korleis materiale eller dans kan kome frå alle stadar og ingen stad og sleppast inn i det maskineriet vi bygger opp saman. 

Fredrik Floen: Kan du fylle inn hva du gjorde hver time fra klokken 9.00-19.00 i dag?
09.00: På Scenehuset, førebur ein samtale til søndag og kveldens lesegruppe med Danseinformasjonen. Drikk kaffi frå termos og nyt å vere åleine.
10.00: Opne for Pernille og Ann-Christin, dei står i trappa og tøye leggar. Prøve starter, tid for å lukke macen og drikke opp kaffien.
11.00: Felles rytmeoppvarming/akkumulering i par.
12.00: Solsystemkomposisjon, snart lunsj, vi øver på det vi kalle barneskoleversjonen av systemet.
13.00: Lunsjen er på hell, ny økt starte. Pernille foreslår å halde fram med det vi gjorde før lunsj framfor å starte på noko anna.
14.00: Siste runde beats i solsystem-køyring. Pernille skal til osteopat, skrivepraksistid, styrer med intervju og flyers i staden for arkeologi-boka vår.
15.00: Ann-Christin les over nytt forslag til flyerstekst, endrer litt, alle les over og så sende til Lars.
16.00: Midt inne i berøringsklump-monument-intimitetspraksis.
17.00: Akkurat heime, amme baby Sigrid før middag.
18.00: Dusje og klippe Johan (5) Markus og Martinus sveis, samstundes som han vil at eg skal forklare han kva koreografi er og kvifor eg skal på lesegruppe eller som han seier  ”ny jobb rett etter jobb”.
19.00: Første lesegruppe på antologien Bevegelser (2016) i regi av Danseinformasjonen på Dansens Hus. Utgangspunkt er teksta Koreografens død - spira til ei ny forståing av koreografi som eg har skrive og kjem akkurat i tide til det starter.  

Ann- Christin Berg Kongsness: Spor ditt forhold til dans opp gjennom årene, og hvordan det har endret seg.
Det er jo eit svar som potensielt kan verte ein klein sjølvbiografi. Blæh. Men ja. Forholdet mitt til dans kan jo spores til første minne eg har av å danse då eg var fem år og berre er oppslukt av ein dans eg laga. Frå eg er 9 til 22 er fokuset ballettskule og seinare utdanning med å lære, mestre, vere dyktig, dedikert og kanskje også finne eigen stil og originalitet. Dette gjekk over i ein type apati og kritisk holdning til kva teknikkar, former, regimer og idéar eg ville ha med i arbeidet mitt, og der dansen vart eit arbeid. Eg var mest interessert i relasjonane mellom språk og struktur, praksis, tenking og utøving, kva dans - som kunst - er. Inni der kjem også ei periode med scenisk improvisasjon og å komponere i augeblikket, med interesse for tid. Så vart det utslitt, der eg går lei av dei tankestrukturane og oppdage at det også er ei form for koreografi. Den neste fasen handlar om at dans og koreografi får skilje lag, der dansen kanskje vert dans igjen og noko som er ved sidan av meg som eit materiale, men som eg kan tre inn i, utan å vere. I dette får eg ei ny interesse for stil, form og hierarkiet som kan finnest mellom former. Eg ville at mykje av det eg har gjort som dansestudent skulle få vere med, utan at eg tek med regimet eg lærte ting i. Korleis kan eg arbeide med forma til Cunningham i dag, men med ein kroppslighet som også er informert frå meir bodywork eller fantasi? Alt dette vekker ei historisk interesse for å la eldre formsystem influere dansen min; korleis arbeid meir handler om å undersøke ulike kjelder og hente eklektisk frå dei framfor å finne ”sitt” originale bevegelesmateriale. Idéen om originalitet er uansett fake og ganske kontrollerande og avgrensande. Dansestudioet gjer ofte gjer noko anstrengt med kroppen, som til dømes ikkje skjer når ein dansar ute. Det er litt sånn Breakfastclubbinga startar; at nattlivet kan få status som kunstpraksis, og at denne lettheten og upretensiøse innstillinga til å danse saman er befriande deilig å gi seg over til. 

Kostymer Foto Tale Hendnes

Elisabeth Kjeldahl Nilsson: Hvordan lukter Lightness: Fleire idag?
Akkurat i dag, laurdag 25. februar, luktar Lightness: Fleire gjærbakst og kaffi.

Matilda Karlström: Vilka blommor växer i Lightness : Fleire?
Tulipanar, lav, skogstjerner og sjøanemoner. Kvitveis og skvalderkål. 

Pernille Holden: Aporpos växa, kan du si noen om hvordan Lightness: Fleire vokste eller kanskje vokser fram?
Lightness: Fleire vokste fram utav eit ynskje om å skape eit framhald av Lightness 2015 der interesser som dans som kollektivt uttrykk, likestilte kunstneriske prosessar, transformasjon, koreografi som språk, kunst som bygger på referanser framfor originalitet etc. vart besøkt på nytt og under nye rammer. Som kunstnar meiner eg at korleis noko vert gjort er avgjerande for kva vi kan gjere. Å bry seg om vilkår og metode er tidkrevjande, særskild når vi skal gjere felles research på metode og materiale framfor at ein har bestemt metode før vi startar arbeidet. Eg er interessert i arbeidsfellesskap og har ei overordna tru på at det vi skapar saman er meir interessant enn det ein av oss kunne kome fram til åleine. Akkurat no har arbeidet vokse utav hendene mine. Nokon augeblikk har eg oversikt, men så misser eg den fordi eg går opp i mitt eige bidrag som vever seg saman med dei andre.

Åtte mennesker har hekta seg på ein felles visjon og skapt eit vesen som ingen åleine kunne forutsett. Det er ganske spennende å vere på jobb om dagen, å vere ansvarlig eller ha invitert til noko eg ikkje kontrollerer. Prosessen bygger på tillit og disiplin og kjem frå eit ynskje om å finne ei form der det er rom for den enkelte, men der ein aldri er i tvil om at ein høyrer til fellesskapet.

Marte Reithaug Sterud: Kan du utdype forholdet ditt til begrepene nyskaping og originalitet? Hva tenker du at ville vært nytt/ originalt ved et dansekunstnerisk arbeid i dag?
I denne produksjonen bryr eg meg om det som alt er skapt: å vende tilbake til ting vi som gruppe alt har gjort, finne verdi i det dansearkivet kroppen er, finne fram til dansehistorier som vi ikkje kjenner til, men som likevel er nær oss. I det er eg interessert i å overskride idéar om originalitet. Originalitet handlar om kven du er og kor du plasserer deg. For nokre år sidan synest eg formalisme var heilt ute av den samtidige dansen og eg vart lei av ekspressive improviserte arbeid eller arbeid som berre gjorde ein ting eller der dansen vart legitimert gjennom eit tema. Då starta ei interessa for formalisme i dans som eg framleis undersøke, å gjere form utan å reprodusere korleis forma før vart gjort. Å referere og vere transparent med kjeldene sine var noko eg sakna og var interessert i å arbeide med. Dansen er jo ei yngre kunstform og har hatt ein lei tendens i å henge etter andre kunstformer. I musikk og biletkunst er det å referere eller sitere andres verk heilt opplagt; i dansen har vi kanskje framleis ein idé om at vi “finner på” våre eigne bevegelser? I det overser vi jo kva kultur vi er fødd inn i, kva sosial koreografi samfunnet gir oss og kan forbli i ein litt naiv idé om det originale.

Akkurat no er der mange som er forferda over Beyonce sine rå plagiat av historisk dansekunst til dømes. Eg tenke problemet ikkje er at ho gjer verken Rosas eller Alvin Ailey, problemet er at det ikkje eksisterar nokon tradisjon for kreditering. Eller så gir ho oss ein unik sjanse til å drive folkeopplysning. Å bruke historiske referanser i samtidige arbeid undergrave også vår tid si fetisjering av det nye, unge og liksom originale. Eg er inspirert av mine historiske besteforeldre som skapte arbeid som framleis virker i meg. Under ein samtale med Bojana Cvejic på Dansens Hus i januar sa ho (fritt oversatt) at dansen som det yngste barnet også har potensiale til å vere det smarteste. Dansen er framtida, og har eit enormt potensiale som uttrykk, men så er jo eg også det yngste barnet...

Fleire, 23. - 26. mars 2017