Hva leter du etter?

Livestream : Fysisk foredrag om DV8

Velkommen til Forstå koreografi – et fysisk foredrag med danser og redaktør Jonas Øren om koreografien til Enter Achilles av Lloyd Newson og det anerkjente kompaniet DV8.

Jonas Oren Portrett

Som koreograf og kunstnerisk leiar for kompaniet DV8 har Lloyd Newson sin kunstnarskap blitt ein av dei mest kontroversielle i dansekunsten. I si undersøking av kva dans kan vere har Newson sidan midten av 1980-åra sprengt grenser gjennom å spørje: KVIFOR?

Denne spørsmålsstillinga har pirka i politikk, samfunnsstrukturar, seksualitet og forsteina danseforståing. Newson hater gamle sanningar og seier “The things people say we cannot look at and talk about, I say ‘why not?" Ambisjonen er ein krystallklar fysikalitet som overfører ein tydeleg bodskap.

Forestillinga Enter Achiles, som opprinneleg vart skapt i 1995, skulle bli vist på hovudscena ved Dansens Hus 27. og 28. mars. Stykket handlar om maskulinitet og kva maskulinitet skal bety.

Jonas Øren vil i sitt foredrag gå i djubda av eit kompani og ein kunstnarskap som har klart å treffe spikeren på den politiske kroppen i over tretti år. Delar av foredraget baserer seg på fysisk overlevering.

Danser, koreograf og redaktør i mote, kultur og livsstils-magasinet PS:Magasin Jonas Pedersen Øren som skal ta publikum gjennom Lloyd Newson sin karakteristiske koreografiske stil og kjennetegn. Varer ca 35 minutter.

Foredraget livestreames fra facebook

Presentert av Ballet Rambert & Sadler’s Wells, 27.–28. mars

icon-facebookicon-instagramsoek_3icon-searchicon-twitterDansens Hus