Fleirstemming koreografi

Utøvar og medskapar Marte Reithaug Sterud har sparra med Solveig Styve Holte, initiativtaker og kunstnarleg leiar om produksjonen Lightness: Fleire.

Kvar kjem interessa di for det kollektive frå?
Eg opplever at vi høyrer til ein generasjon som både har nytt godt av og gått lei av presset mot enkeltmenneske eller rettare sagt, individualismen. Samtida eller individualiseringa sin retorikk er at ansvaret for lukke og suksess vert pulverisert og overgitt til den enkelte, at vi alle skal skape våre eigne liv. Om vi i staden kan tenke: Kva om det ikkje er så viktig kven eg er, men heller kva slags liv eg vil dele med andre? Eg føler vi er ein generasjon som ikkje har hatt lov å tru på det kollektive. Men eg meiner vi kan undersøke og arbeide med ulike uttrykk for det kollektive, utan å reprodusere det totalitære.

Dette handlar også om situasjonen for kunstnarar i dag. Vi vert stadig utmatta når vi både skal administrere og sørge for vår eigen individuelle suksess. Vi må ha idear om at vi skal ha gjennombrot og væra mest muleg salgbare som enkeltindivid. Frilansarbeidar, slik dei fleste av oss dansekunstnarar er, har svake sosiale rettar i arbeidslivet, og eg trur mange erfarer at dei er mykje åleine og overlatne til seg sjølv. Trongen til å høyre til i eit fellesskap og å kjempe for noko større trur eg er essensielt. Det er dette fellesskapet eg er interessert i å undersøke, både i organiseringa av arbeidet mitt og i det kunstnarlege uttrykket. Og eg meiner desse er avhengige av kvarandre, altså organiseringa av arbeidet og det kunstnarlege uttrykket.

Samstundes høyrer vi til ein generasjon som har hatt fridom til å definera og konstruera kven vi er, og korleis vi vil leva i verda på eit heilt anna vis enn nokon gong før i historia.  Denne fridomen er vi alle interesserte i å oppretthalde og løfte den fram som ein rett i samfunnet. Eg har difor ein idé om at det kollektive handlar om å legge tilrette for eit fleirstemmig fellesskap, eller sagt med eit musikalsk uttrykk; polyfoni. Der får vi væra ein del av noko større utan å miste oss sjølv, på eit vis der vi gir kvarandre både røter og venger.

  Polyfoni er ei nemning frå musikkterminologien om eit fleirstemmig musikalsk uttrykk der enkeltstemmene er likeverdige. Dei polyfone musikkstykka er horisontale fordi enkeltstemmene her strevar etter uavhengighet slik at dei på same tid gjerne har ulike rytmar og melodiske motrørsler. I Lightness: Fleire er eg interessert i å undersøke koreografien av eit kollektiv, der det polyfone vert ein overordna metafor eller referanse for arbeidet vi gjer saman.

Img 6015

Lightness: Fleire er utstilling på dagtid, forestilling på kveldstid og publikasjon når som helst – eit fleirstemmig, koreografisk kollektiv.

Dans og koreografi er ved: Pernille Holden, Ann-Christin Berg Kongsness, Marte Reithaug Sterud, Solveig Styve Holte. Kostymer og scenografi: Fredrik Floen, Matilda Karlstrøm Musikk: Hanna Gjermundrød, Lys, scenografi og foto: Elisabeth Kjeldahl Nilsson Produsent: Hanne Frostad Håkonsen

Kva legg du i å arbeide kontekstspesifikt?
Eg synes at kunsten verken skal væra (eller er) ei samansetning av utopiar og løysingar for ei betre verd. Det er viktig å vakte seg for at kunsten blir instrumentell i den forstand at den skal ha eit ansvar i seg utover å vere kunst. Samstundes står ein som kunstnar i eit hav av problemstillingar som og gjeld etikk. Kunsten kan vere eit rom der vi kan samarbeida og praktisera radikalt annleis enn elles i samfunnet.

 Eg arbeider med å forstå koreografi som noko som er meir enn å sette saman rørsler i sekvensar. Der meiner eg at vi alle inngår i samfunnsstrukturar og overordna koreografiar. Det har konsekvensar for kven vi er, og kva uttrykk vi har i verden. Deborah Hay, ein amerikansk koreograf eg er inspirert av, sa ein gong at ein grunn til at ho arbeidde fram dans gjennom ein dagleg praksis var for å kunne bli i stand til å gjere noko anna enn det samfunnet alt hadde koreografert henne til. Eg trur dette spørsmålet er supersentralt i arbeidet som kunstnar: Kva er forventa av meg no, i denne konteksten? Korleis vi kan gå kritisk og produktivt til verks i møte med dei strukturane vi har omkring oss?

  I denne produksjonen legg eg opp til at scenerommet i seg sjølv vert stilt ut på dagtid. Ein kan gå inn og erfare rommet åleine. Det blir nærast ei motsett spektakulær erfaring av ein sjølv i det store tome rommet, der kanskje ingenting skjer. Å vere åleine er ein føresetnad for å vere saman. Eg er interessert i forholdet mellom det kollektive og den einskilde. Difor ynskjer eg at publikum kan møte arbeidet mitt i ulike format og til ulik tid. Til dømes på dagtid som ein utstilt situasjon, på kvelden gjennom framsyninga eller ved å ta fram tekstpublikasjonen på det tidspunktet ein sjølv vil. Alle opplevingane vil skje på Hovedscenen på Dansens Hus, og vil gjennom dette bli aktivert på ulike tidspunkt av døgnet og bli undersøkt i ulike grader av publikum.  Vi inviterer publikum som både eitt fellesskap og som kvar enkelt person.

Kva tenkjer du om koreografi og di eiga rolle som eventuell koreograf, sidan du akkurat har skrive ein artikkel med tittelen ”Koreografens død”?
Eg er fullstendig uinteressert i å vere koreograf, men eg er innmari interessert i koreografi. Koreografi handlar jo om språk, å skrive i verda, eller gjennom tid og rom. Eg og fleire av dei eg arbeider med har bakgrunn frå improvisasjon eller meir konkret spontankomposisjon. Her er språket avgjerande for kva som skjer, ein lærer eller deler ikkje trinn, men tankestrukturar, og så vert dansen til utifrå dette. I 2012 arbeidde eg parallelt med eit soloprosjekt med Deborah Hay, samstundes som eg arbeidde med Julyen Hamilton sin spontankomposisjon. I begge desse arbeida er det ein koreografi av språket som skaper dansen. Utifrå dette vart eg interessert i koreografi, altså det å skape strukturar som kan bli dans. Eg tenkjer difor at koreografi er eit delt kunnskapsfelt, sidan språket vårt er felles, noko vi kan skape saman og forhandle om. Eg har tru på og interesse for språket. Språket har ein konsekvens for kva som kan skje. Eg er interessert i å vere skapande og utøvande, og då vert det uaktuelt å væra ein koreograf som sit på utsida og ser inn og redigerer. For meg handlar dette også om idear knytte til makthierarki og koreografen som eit (mannleg) blikk som skal representere publikum. Det er mange koreografar som absolutt ikkje arbeider slik. Men eg ser med mine auge og blikket mitt utifrå min bakgrunn. På same vis har alle dei involverte sine blikk og stemmer. Eg meiner at det å dele blikk er ein feministisk strategi, ein måte der vi er fleire som er sjåande og språklege i prosjektet, at vi saman erfarer og utviklar materialet, både frå innsida og at har evna til å sjå oss sjølv utanifrå. Dette blikket er også noko eg vil at publikum skal ta del i. I den forstand er eg interessert i å løyse opp skilja mellom kvar kunsten er og kvar publikum er. Men om dette i praksis let seg gjere på hovudscena vert jo spennande å sjå.

Sjølv om vi i arbeidet tek val saman, arbeider vi ikkje i flat struktur. Eg leiar det kunstnarlege arbeidet, også fordi dei andre gjerne vil sleppe. På det viset set eg nokre rammer for når, korleis og kva vi skal gjere saman, der eg teiknar opp eit kart for oss, og så stemmer det ikkje alltid overeins med terrenget og interessene vi har når vi jobbar saman, og då må vi oppdatere.  Ved å væra den som inviterer, har eg ansvaret for oss i prosessen. Men eg tenkjer jo på oss alle som medskapande, på det viset at eg gjerne vil undersøke eit delt eigarskap til arbeidet. Vi har til no ikkje har vore interesserte i eit delt leiarskap.

  Ein konsekvens av dette er til dømes at Fredrik (kostymedesignaren) sitt svar på mi interesse for eit polyfont kollektiv var å invitere med seg ein kostymedesignar til, Matilda Karlstrøm. No er eg i utgangspunktet fan av hennar arbeid og har full tillit til at han vil ha med ein ekstra, men eg trur og at konsekvensane av det eg inviterer til, er at dei eg har invitert også skapar rammer på eiga hand innafor prosjektet. Slik sett oppstår kunstnarlege konsekvensar som eg ikkje er i stand til å forutsjå. Berre slik kan det verte faktisk fleirstemmig.

Fleire, 23.–26. mars

icon-facebookicon-instagramsoek_3icon-searchicon-twitterDansens Hus